ADMINISTRASJON
Ingvar Bell
Dagleg leiar & Partner
Send e-post
HISTORIEN
HBV Betong AS utfører betongarbeid og betongkonstruksjonar for privat og offentleg sektor i heile Sogn og Fjordane. Vi har kontor i Førde med meir enn 20 tilsette, og leverar kvalitet til konkurransedyktige prisar. Fornøgde kundar er alltid i fokus når vi utfører eit oppdrag.
Historia til HBV Betong AS starta med at Dvergsdal & Sunde Betong vart etablert i 2004 av Dvergsdal & Sunde Bygg, Geir Heggheim (partner) og Åge Heggheim (partner). Andrè Sunde var dagleg leiar fram til 2007, då Ingvar Bell gjekk inn som dagleg leiar og medeigar. I 2016 endra vi namn til HBV Betong AS, og utanom namneendringa, var det berre eigarsamansetninga som vart annleis. I dag er Ingvar Bell dagleg leiar, og eig HBV Betong AS saman med Geir Heggheim, Åge Heggheim og Egil Vallestad.
Verdiane frå oppstarten er vidareført, og saman tilbyr vi lang og brei erfaring innan betong- og byggebransjen. Vi har årleg rundt 40 millionar kroner i omsetnad.
Vi tek på oss oppdrag innan betongarbeid for industribygg, fjøs/landbruksbygg, kraftverk, einebustadar og mindre oppdrag som støttemurar, garasje, hage og liknande. Vi har pr. i dag 23 tilsette fordelt på administrasjon, fagarbeidarar, hjelpearbeidarar og lærlingar og innehar sentral godkjenning i tiltaksklasse 2 som utførande betongentreprenør og på utførande på tømrar i tiltaksklasse 1.
SENTRALT GODKJENT
Foretaket, med organisasjonsnummer 986556478, er gitt følgende sentrale godkjenning i medhold av plan- og bygningsloven av 27. juni 2008 § 22-1 og forskrift om byggesak av 26. mars 2010 nr 488 (SAK10).
› Utførelse av Plasstøpte betongkonstruksjoner i tiltaksklasse 2
› Utførelse av Tømrerarbeid og montering av trekonstruksjoner i tiltaksklasse 1
Vi har også sentral godkjenning som utførande på tømrar i tiltaksklasse 1.
GODKJENT LÆREBEDRIFT
For å bli godkjent som lærebedrift føreset det at bedrifta kan gi opplæring i kompetansemåla i læreplanen for faget. Bedrifta må også utvikle ein intern plan for opplæringa. Bedrifta må også ha ein fagleg leiar som har hovudansvar for å sikre at lærlingen får opplæringa som krevst.
Utdanningsdirektoratet oppmodar forbrukarar til å velje godkjende lærebedrifter med lærlingar. Ved å nytte dette merket er skal det være det enklare for forbrukarar å finne fram til slike bedrifter.