LEDIG STILLING
Vi har ledige stillingar som betongfagarbeidar, hjelpearbeidar, tømrar og lærling i betongfaget. For rette vedkommande er det mulighet for ansvar som BAS.
Kvalifikasjonskrav:
- Erfaring med tømring og/ eller betongarbeid
- Fagbrev er ein fordel, men dokumentert erfaring kan veie opp for manglande utdanning
- Beherske grunnleggande norsk/ skandinavisk eller engelsk
- Førerkort klasse B
- Kjennskap til norsk byggestandard
- Teknisk forståelse
Vi vil gjerne ha kontakt med deg som er
- Serviceinnstilt
- Sjølvgåande, ryddig og effektiv
- Kvalitetsbevisst og resultatorientert
- Løysingsorientert og lærevillig
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel til arbeidssted og arbeidstid i perioder
Til gjengjeld kan vi tilby:
- Gode pensjon- og lønsvilkår
- Eit godt arbeidsmiljø i Noregs flottaste natur, med nærleik til både fjord og fjell
- Frisk luft og fysisk aktiv arbeidskvardag
- Interessante og utfordrande prosjekt
- Gode utviklingsmoglegheiter
Søknad med CV sendast til post@hbvbetong.no
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål!
Litt om oss
HBV Betong As har over 20 års erfaring i bransjen, noko som gjer oss til ein attraktiv betongentreprenør for mange prosjekt. Vi er ei mellomstor bedrift i Sunnfjord kommune i Vestland. Vi er utførande betongentreprenør og utfører betongarbeid på industribygg, fjøs/driftsbygningar, kraftverk og einebustadar. Vi tek også andre oppdrag i forbindelse med hage, garasje, støttemurar og liknande for både offentlege og private.
I det daglege har vi høg fokus på helse, miljøarbeid og tryggleik. Vi brukar ressursar for å stadig forbedre system, verktøy, kompetanse og haldningar innanfor desse felta.
Vi har mange dyktige medarbeidarar med høg kompetanse, og vi er ei lærebedrift som satsar på å utdanne dyktige fagarbeidarar. Vi ynskjer at våre ansatte skal utvikle seg fagleg, og kan tilby meir ansvar i nokre stillingar. Vi har et godt arbeidsmiljø, og våre ansatte trivst!
ADMINISTRASJON
Ingvar Bell
Dagleg leiar & Partner
Send e-post